Jeremia 39:1-3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I det niande året Sidkia var konge i Juda, i den tiande månaden, kom Nebukadnesar, kongen i Babylonia, til Jerusalem med heile hæren sin og kringsette byen.

2. I det ellevte året åt Sidkia, den niande dagen i den fjerde månaden, braut dei inn i byen.

3. Og då Jerusalem var teken, kom alle hovdingane åt babylonarkongen og tok sete i Midtporten: hærføraren Nergal-Sareser, fyrste over Sin-Magir, hoffsjefen Nebusarsekim og alle dei andre leiande mennene hjå babylonarkongen.

Jeremia 39