Jeremia 38:8-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Ebed-Melek gjekk ut or slottet og sa til kongen:

9. «Herre konge, det er vondt, alt det som desse mennene har gjort mot profeten Jeremia. No har dei kasta han ned i brunnen, og der kjem han til å døy av svolt; for det finst ikkje meir brød i byen.»

10. Då sa kongen til nubiaren Ebed-Melek: «Ta med deg tretti mann herifrå, og dra profeten Jeremia opp or brunnen før han døyr.»

11. Ebed-Melek tok mennene med seg og gjekk inn i kongsgarden, til romet under skattkammeret. Der henta han nokre filler av utslitne og sundrivne klede og firte dei ned i brunnen til Jeremia med tog.

12. Så sa han: «Ta no desse fillene kring toga og legg dei under armane.» Jeremia gjorde det,

13. og så drog dei han opp med toga og fekk han ut or brunnen. Sidan heldt Jeremia til i vaktgarden.

14. Kong Sidkia sende bod etter profeten Jeremia og tok imot han ved den tredje inngangen til Herrens hus. Kongen sa til han: «Eg har eit spørsmål til deg. No må du ikkje løyna noko for meg.»

Jeremia 38