22. Alle kvinnene som var att i Juda-kongens slott, vart førte ut til hovdingane åt babylonarkongen, medan dei song:Dine beste vener lokka degog fekk deg i si makt.Då føtene dine sokk ¬ned i gjørma,drog venene seg unna.
23. Alle konene dine og borna dine skal førast ut til kaldearane. Sjølv skal du ikkje sleppa ut or hendene på dei, men babylonarkongen skal ta deg til fange, og byen skal brennast.»
24. Sidkia sa til Jeremia: «Ingen må få vita om denne samtalen; elles skal du døy.
25. Når stormennene får høyra at eg har tala med deg, kjem dei nok til deg og seier: Fortel oss kva du sa til kongen, og kva kongen sa til deg. Løyn ikkje noko for oss, elles drep vi deg!
26. Men då skal du svara dei: Eg bar mi audmjuke bøn fram for kongen. Eg bad om at han ikkje måtte senda meg tilbake til Jonatans hus, så eg skulle døy der.»
27. Då alle stormennene kom til Jeremia og spurde han ut, svara han dei heilt og fullt så som kongen hadde sagt. Då lét dei han vera i fred; for saka hadde ikkje vorte kjend.
28. Sidan heldt Jeremia til i vaktgarden heilt til den dagen då Jerusalem vart teken.