11. Ebed-Melek tok mennene med seg og gjekk inn i kongsgarden, til romet under skattkammeret. Der henta han nokre filler av utslitne og sundrivne klede og firte dei ned i brunnen til Jeremia med tog.
12. Så sa han: «Ta no desse fillene kring toga og legg dei under armane.» Jeremia gjorde det,
13. og så drog dei han opp med toga og fekk han ut or brunnen. Sidan heldt Jeremia til i vaktgarden.
14. Kong Sidkia sende bod etter profeten Jeremia og tok imot han ved den tredje inngangen til Herrens hus. Kongen sa til han: «Eg har eit spørsmål til deg. No må du ikkje løyna noko for meg.»
15. Jeremia svara: «Talar eg rett ut, vil du vel drepa meg, og gjev eg deg eit råd, høyrer du ikkje på meg.»
16. Då sa kong Sidkia i løynd til Jeremia og svor: «Så sant Herren lever, han som har gjeve oss livet: Eg vil ikkje drepa deg og ikkje gje deg i hendene på dei mennene som står deg etter livet.»
17. Då sa Jeremia til Sidkia: «Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Gjev du deg over til babylonarkongens hovdingar, skal du berga livet, og byen skal ikkje brennast. Både du og ditt hus skal få leva.
18. Men gjev du deg ikkje over til hovdingane, skal byen gjevast i hendene på kaldearane. Dei skal brenna han, og sjølv skal du ikkje sleppa frå dei.»