1. Sjefatja, son til Mattan, Gedalja, son til Pasjkur, Jukal, son til Sjelemja, og Pasjkur, son til Malkia, høyrde dei orda som Jeremia tala til alt folket:
2. Så seier Herren: Den som vert verande her i byen, skal døy for sverd, av svolt og i pest. Men den som gjev seg over til kaldearane, skal få livet til hærfang og leva vidare.
3. Så seier Herren: Denne byen skal koma i hendene på babylonarkongens hær, som skal ta han.
4. Då sa stormennene til kongen: «Denne mannen må døy; for han tek motet frå dei krigarane som er att her i byen, og frå heile folket, når han talar såleis til dei. For han vil ikkje det som gagnar dette folket, men det som skader.»
5. Kong Sidkia svara: «De får gjera med han som de vil. For kongen har inga makt over dykk.»
6. Då tok dei Jeremia og kasta han i brunnen åt kongssonen Malkia, den som var i vaktgarden. Dei firte han ned med tog. Det var ikkje vatn i brunnen, men gjørme, som han sokk ned i.
7. Ebed-Melek frå Nubia, ein hoffmann som tente i kongsgarden, fekk høyra at dei hadde kasta Jeremia i brunnen. Kongen sat då attmed Benjamins-porten.
8. Ebed-Melek gjekk ut or slottet og sa til kongen:
9. «Herre konge, det er vondt, alt det som desse mennene har gjort mot profeten Jeremia. No har dei kasta han ned i brunnen, og der kjem han til å døy av svolt; for det finst ikkje meir brød i byen.»
10. Då sa kongen til nubiaren Ebed-Melek: «Ta med deg tretti mann herifrå, og dra profeten Jeremia opp or brunnen før han døyr.»
11. Ebed-Melek tok mennene med seg og gjekk inn i kongsgarden, til romet under skattkammeret. Der henta han nokre filler av utslitne og sundrivne klede og firte dei ned i brunnen til Jeremia med tog.