8. Sidan har vi vore lydige mot far vår, Jonadab Rekabsson, i alt det han baud oss å gjera. I heile vårt liv har vi ikkje drukke vin, korkje vi eller konene våre eller sønene eller døtrene våre.
9. Vi byggjer ikkje hus til å bu i og har korkje vingardar, jorder eller såkorn,
10. men bur i telt. Vi er lydige og gjer alt det far vår, Jonadab, baud oss.
11. Men då Nebukadnesar, babylonarkongen, drog fram mot landet, sa vi: «Kom, lat oss fara til Jerusalem, så vi kan sleppa unna kaldearhæren og aramearhæren.» Difor bur vi no i Jerusalem.
12. Då kom Herrens ord til Jeremia, og det lydde så:
13. Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Gå og sei til Juda-mennene og Jerusalems-buane: Vil de ikkje ta imot lærdom og høyra på mine ord? seier Herren.
14. Jonadab Rekabsson gav læresveinane sine det bodet at dei ikkje skulle drikka vin, og det har dei halde. Til denne dag har dei ikkje drukke vin, men lydt påbodet frå far sin. Eg derimot har tala til dykk både seint og tidleg, men de ville ikkje høyra på meg.