13. Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Gå og sei til Juda-mennene og Jerusalems-buane: Vil de ikkje ta imot lærdom og høyra på mine ord? seier Herren.
14. Jonadab Rekabsson gav læresveinane sine det bodet at dei ikkje skulle drikka vin, og det har dei halde. Til denne dag har dei ikkje drukke vin, men lydt påbodet frå far sin. Eg derimot har tala til dykk både seint og tidleg, men de ville ikkje høyra på meg.
15. Gong på gong sende eg til dykk alle tenarane mine, profetane, og sa: «Vend om, kvar og ein frå si vonde ferd, og lat gjerningane dykkar betrast! Hald dykk ikkje til andre gudar og dyrk dei ikkje! Så skal de få bu i det landet eg gav dykk og fedrane dykkar.» Men de vende ikkje øyra til og ville ikkje høyra på meg.