Jeremia 34:11-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Men sidan snudde dei om; dei tok tilbake trælane og trælkvinnene som dei hadde gjeve fri, og tvinga dei til trældom att.

12. Då kom Herrens ord til Jeremia, og det lydde så:

13. Så seier Herren, Israels Gud: Eg gjorde pakt med fedrane dykkar den gongen eg førte dei ut or Egypt, or trælehuset. Då sa eg:

14. «Når sju år er lidne, skal kvar og ein av dykk gje fri sin hebraiske landsmann som har mått selja seg til deg. Seks år skal han tena deg, men så skal du gje han fri og la han gå.» Men fedrane dykkar høyrde ikkje på meg og vende ikkje øyra til.

15. De vende nyleg om og gjorde det som rett er i mine augo, då de kunngjorde at kvar og ein skulle frigje den landsmannen han heldt i trældom; de gjorde ein avtale om det for mitt åsyn, i det huset som ber mitt namn.

16. Men så snudde de om og vanæra mitt namn då de tok tilbake trælane og trælkvinnene som de hadde gjeve fri, og tvinga dei til trældom att.

17. Difor seier Herren: Fordi de ikkje ville høyra på meg og lysa ut frigjeving for frende og landsmann, lyser eg ut frigjeving for dykk, seier Herren. De skal gjevast over til sverd og pest og svolt, og eg vil gjera dykk til eit skræmebilete for alle rike på jorda.

18. Dei mennene som braut pakta med meg og ikkje oppfylte vilkåra for den avtalen dei gjorde for mitt åsyn, med dei gjer eg som med den kalven dei skar i to, så dei kunne gå mellom stykka.

Jeremia 34