Jeremia 34:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren, då Nebukadnesar, babylonarkongen, og heile hæren hans, saman med alle rike på jorda som stod under hans herredøme, og alle folkeslaga stridde mot Jerusalem og alle byane der ikring:

2. Så seier Herren, Israels Gud: Gå og tal til Sidkia, Juda-kongen, og sei til han: Så seier Herren: No gjev eg denne byen i babylonarkongens vald, og han skal brenna han opp.

3. Du skal ikkje sleppa ut or hans hand, men verta gripen og gjeven til han. Du skal sjå babylonarkongen i augo og tala auga til auga med han, og til Babylon skal du koma.

4. Men høyr Herrens ord, Sidkia, Juda-konge! Så seier Herren om deg: Du skal ikkje falla for sverd,

5. men døy i fred. Og liksom dei kveikte eld til ære for fedrane dine, som var kongar før deg, skal dei kveikja eld til ære for deg òg. Dei skal halda syrgjehøgtid over deg og ropa: «Å ve, herre!» Dette er mine ord, seier Herren.

6. Alt dette tala profeten Jeremia til Juda-kongen Sidkia i Jerusalem,

7. medan babylonarkongens hær stridde mot Jerusalem og dei andre byane som var att i Juda: Lakisj og Aseka. Det var dei einaste festningsbyane som var att i Juda.

8. Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren etter at kong Sidkia hadde gjort ein avtale med alt folket i Jerusalem om å lysa ut frigjeving av trælar.

9. Kvar og ein som hadde ein træl eller ei trælkvinne av hebrearætt, skulle gje dei fri; ingen skulle halda sin judeiske landsmann i trældom.

10. Alle hovdingane og kvar mann av folket som var med på avtalen, heldt han og gav trælen sin eller trælkvinna si fri, så dei slapp å tena dei lenger. Dei lydde og lét dei gå.

11. Men sidan snudde dei om; dei tok tilbake trælane og trælkvinnene som dei hadde gjeve fri, og tvinga dei til trældom att.

Jeremia 34