Jeremia 32:29-43 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

29. Kaldearane som strider mot byen, skal koma inn og setja eld på han; dei skal brenna alle husa der folk ofra på taka til Ba’al og rende ut drikkoffer for andre gudar og såleis gjorde meg harm.

30. For heilt frå sin ungdom har israelittane og judearane berre gjort det som vondt er i mine augo. Ja, israelittane har ikkje gjort anna enn harma meg med bileta dei har laga, seier Herren.

31. Denne byen har gjort meg vreid og harm heilt frå den tid dei bygde han og fram til denne dag. Eg vil ha han bort frå mitt åsyn;

32. for israelittane og judearane har gjort så mykje vondt og harma meg, både dei og kongane og hovdingane deira, prestane og profetane deira, Juda-mennene og Jerusalems-buane.

33. Dei snudde ryggen til meg og ikkje andletet, og endå eg lærte dei opp både seint og tidleg, ville dei ikkje høyra på meg og tok ikkje lærdom av det.

34. Men dei sette opp sine avskyelege gudebilete i huset som ber mitt namn, og gjorde det såleis ureint.

35. Dei bygde offerhaugar for Ba’al i Hinnom-dalen, der dei ville ofra sønene og døtrene sine til Molok. Det har eg ikkje sett dei til, og det har aldri vore i mine tankar at dei skulle fara med slik styggedom og såleis lokka Juda til synd.

36. Men no seier Herren, Israels Gud, om denne byen som de seier er gjeven i hendene på babylonarkongen ved sverd og svolt og pest:

37. Sjå, eg samlar dei frå alle dei land eg dreiv dei bort til i min vreide, harme og store uvilje, og fører dei heim att til denne staden og lèt dei bu trygt.

38. Dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud.

39. Eg vil gje dei éin hug og læra dei éin veg, så dei alltid ottast meg, til gagn for dei sjølve og etterkomarane deira.

40. Eg gjer ei evig pakt med dei; eg vil ikkje venda meg bort frå dei, men gjera vel mot dei. Eg legg age for meg i hjarta deira, så dei aldri meir vik bort frå meg.

41. Eg vil gleda meg over dei og gjera vel imot dei. Og trufast, av heile mitt hjarta og heile mi sjel, vil eg syta for at dei slår rot her i landet.

42. For så seier Herren: Liksom eg har late alle desse store ulukkene koma over folket, såleis vil eg òg la dei oppleva alt det gode eg har lova dei.

43. Folk skal atter kjøpa jord i dette landet, som de kallar ei audn, utan menneske og dyr, eit land gjeve i kaldearvald.

Jeremia 32