17. Å, Herre, min Gud, du har skapt himmel og jord med di store kraft og din strake arm. Ingen ting er umogeleg for deg.
18. Du viser miskunn i tusen ættleder og lèt straffa for synda åt fedrane koma over etterkomarane deira. Du store, veldige Gud, som har namnet Herren, Allhærs Gud,
19. stor er du i råd og mektig i gjerning. Du har augo opne for vegane åt menneska, så du løner kvar og ein etter hans ferd, etter frukta av hans gjerningar.
20. Du gjorde teikn og under i Egypt og har gjort det til denne dag, både i Israel og hjå andre menneske. Du har skapt deg eit namn så som det er i dag.
21. Du førte Israel, folket ditt, ut or Egypt med teikn og under, med sterk hand og strak arm, med store, skræmelege gjerningar
22. og gav dei dette landet som du med eid hadde lova fedrane deira, eit land som fløymer med mjølk og honning.
23. Og dei kom og tok det i eige. Men dei ville ikkje høyra på deg og levde ikkje etter di lov. Dei gjorde ikkje noko av alt det du hadde bode dei å gjera. Difor lét du all denne ulukka koma over dei.