1. Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren i det tiande året Sidkia var konge i Juda; det var det attande styringsåret åt Nebukadnesar.
2. Den gongen kringsette babylonarkongens hær Jerusalem, og profeten Jeremia sat fengsla i vaktgarden ved Juda-kongens slott.
3. Der hadde Sidkia, Juda-kongen, sett han inn med desse orda: Kvifor driv du og spår: Så seier Herren: Eg gjev denne byen i hendene på babylonarkongen, og han skal ta han.
4. Og Sidkia, kongen i Juda, skal ikkje sleppa unna kaldearane, men gjevast i hendene på babylonarkongen. Han skal tala med han andlet til andlet og auga til auga.
5. Kongen skal føra Sidkia til Babylon, og der skal han vera til eg tek meg av han, seier Herren. Når de strider mot kaldearane, skal de ikkje ha lukka med dykk.