Jeremia 30:18-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Så seier Herren:Sjå, eg vil reisa opp att ¬Jakobs teltog miskunna meg ¬over hans bustader.Kvar by skal byggjast ¬på sin ruinhaug,kvar borg skal stå ¬på sin rette stad.

19. Frå dei skal lovsongen stiga,og lyden av folk ¬som skjemtar og ler.Eg lèt dei auka i tal ¬og ikkje minka,eg gjev dei ære, ¬dei skal ikkje ¬vanvørdast.

20. Jakobs søner skal veraså som dei var i gamal tid,deira lyd skal stå støtt ¬for mitt åsyn.Eg vil straffa alle som plaga dei.

21. Deira hovding skal vera ¬ein av deira eigne,deira drott skal gå ut ¬frå dei sjølve.Eg lèt han koma ¬og stiga fram for meg.For kven vil elles våga livetog koma meg nær? ¬seier Herren.

22. Og så skal de vera mitt folk,og eg vil vera dykkar Gud.

23. No bryt harmen ut ¬som eit Herrens ver,ein rykande storm fer av stad,han kjem i kvervlar ¬mot hovuda ¬på dei gudlause.

24. Herrens brennande vreide ¬legg seg ikkjefør han har sett i verk ¬og fullførtdet han hadde tenkt å gjera.Til sist, i dagar som kjem,skal de skjøna dette.

Jeremia 30