Jeremia 30:17-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Eg lèt såra dine groog lækjer dei slag du har fått, ¬seier Herren,du som vart kalla ¬den bortstøytte,Sion, som ingen ¬spurde etter meir.

18. Så seier Herren:Sjå, eg vil reisa opp att ¬Jakobs teltog miskunna meg ¬over hans bustader.Kvar by skal byggjast ¬på sin ruinhaug,kvar borg skal stå ¬på sin rette stad.

19. Frå dei skal lovsongen stiga,og lyden av folk ¬som skjemtar og ler.Eg lèt dei auka i tal ¬og ikkje minka,eg gjev dei ære, ¬dei skal ikkje ¬vanvørdast.

20. Jakobs søner skal veraså som dei var i gamal tid,deira lyd skal stå støtt ¬for mitt åsyn.Eg vil straffa alle som plaga dei.

21. Deira hovding skal vera ¬ein av deira eigne,deira drott skal gå ut ¬frå dei sjølve.Eg lèt han koma ¬og stiga fram for meg.For kven vil elles våga livetog koma meg nær? ¬seier Herren.

22. Og så skal de vera mitt folk,og eg vil vera dykkar Gud.

Jeremia 30