Jeremia 3:15-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Eg vil gje dykk hyrdingar etter mitt hjarta, og dei skal vakta dykk med kunnskap og skjøn.

16. Når de aukar og veks i landet i dei dagane, lyder ordet frå Herren, skal dei ikkje lenger tala om Herrens paktkiste eller koma henne i hug. Dei skal ikkje tenkja på henne og ikkje sakna henne, og det skal aldri lagast ei ny kiste.

17. På den tid skal dei kalla Jerusalem Herrens kongsstol. Der skal alle folkeslag samlast – til Herrens namn, til Jerusalem. Dei skal ikkje lenger fylgja sitt vonde og harde hjarta.

Jeremia 3