15. Då sa profeten Jeremia til profeten Hananja: «Høyr, Hananja! Herren har ikkje sendt deg. Og du har fått dette folket til å lita på lygn.
16. Difor seier Herren: No sender eg deg, men bort frå jorda. Alt i år skal du døy, fordi du forkynte fråfall frå Herren.»
17. Og profeten Hananja døydde same året, i den sjuande månaden.