Jeremia 27:6-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Og no gjev eg alle desse landa i hendene på babylonarkongen Nebukadnesar, tenaren min. Jamvel villdyra på marka gjev eg han, så dei skal tena han.

7. Alle folkeslag skal træla for han og son hans og soneson hans, til dess tida kjem for hans eige land, då mange folkeslag og store kongar skal gjera han til træl.

8. Det folket og det riket som ikkje vil tena babylonarkongen Nebukadnesar og ikkje vil bøya nakken under hans åk, det folket straffar eg med sverd og svolt og pest, til eg får gjort ende på dei ved hans hand, lyder ordet frå Herren.

9. De skal ikkje høyra på profetane dykkar eller på spåmennene, drøymarane, teikntydarane og trollmennene, som seier til dykk: «De kjem ikkje til å træla for kongen i Babylonia.»

10. Det er lygn det dei spår dykk; dei vil ha dykk ut or landet dykkar; og eg driv dykk bort og lèt dykk gå til grunne.

11. Men det folket som bøyer nakken under babylonarkongens åk og tener han, det lèt eg vera i fred på si jord, så dei kan dyrka henne og bu der, lyder ordet frå Herren.

12. Til Sidkia, Juda-kongen, sa eg det same: Bøy nakken under babylonarkongens åk og ten han og folket hans, så skal de få leva.

13. Kvifor vil de døy, du og folket ditt, for sverd og svolt og pest? Såleis har då Herren truga med å straffa kvart folk som ikkje vil tena kongen i Babylonia.

14. Høyr ikkje på profetane som seier: «De kjem ikkje til å træla for babylonarkongen.» Det er lygn det dei spår dykk.

15. For eg har ikkje sendt dei, lyder ordet frå Herren. Dei spår lygn i mitt namn, så eg skal driva dykk bort og la dykk gå til grunne saman med profetane som spådde for dykk.

16. Til prestane og heile folket her sa eg: Så seier Herren: Høyr ikkje på profetane når dei spår for dykk og seier: «Dei heilage kara frå Herrens hus skal no snart førast heim att frå Babylon.» For det er lygn det dei spår.

17. Høyr ikkje på dei, men ten babylonarkongen, så skal de få leva. Kvifor skal denne byen leggjast i røys?

18. Men er dei profetar, er Herrens ord med dei, så lat dei be inderleg til Herren, Allhærs Gud, at dei kara som enno er att i Herrens hus, i Juda-kongens slott og elles i Jerusalem, ikkje må koma til Babylon.

19. For så seier Herren, Allhærs Gud, om søylene, bronsehavet, fotstykka og alt det andre som er att her i byen,

20. og som babylonarkongen Nebukadnesar ikkje tok med seg då han førte Juda-kongen Jekonja, son til Jojakim, som fange frå Jerusalem til Babylon, i lag med alle stormennene i Juda og Jerusalem,

21. ja, så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, om dei kara som er att i Herrens hus, i Juda-kongens slott og elles i Jerusalem:

Jeremia 27