2. Så sa Herren til meg: Lag deg reip og åk, og legg dei over nakken din!
3. Send dei til kongane i Edom, Moab, Ammon, Tyrus og Sidon med dei sendemennene som er komne til Juda-kongen Sidkia i Jerusalem,
4. og bed dei seia til herrane sine: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Så skal de seia til herrane dykkar:
5. Det er eg som har skapt jorda og menneska og dyra som lever der, med mi store kraft og min strake arm. Eg kan gje det til den eg held for den rette.
6. Og no gjev eg alle desse landa i hendene på babylonarkongen Nebukadnesar, tenaren min. Jamvel villdyra på marka gjev eg han, så dei skal tena han.
7. Alle folkeslag skal træla for han og son hans og soneson hans, til dess tida kjem for hans eige land, då mange folkeslag og store kongar skal gjera han til træl.
8. Det folket og det riket som ikkje vil tena babylonarkongen Nebukadnesar og ikkje vil bøya nakken under hans åk, det folket straffar eg med sverd og svolt og pest, til eg får gjort ende på dei ved hans hand, lyder ordet frå Herren.
9. De skal ikkje høyra på profetane dykkar eller på spåmennene, drøymarane, teikntydarane og trollmennene, som seier til dykk: «De kjem ikkje til å træla for kongen i Babylonia.»
10. Det er lygn det dei spår dykk; dei vil ha dykk ut or landet dykkar; og eg driv dykk bort og lèt dykk gå til grunne.
11. Men det folket som bøyer nakken under babylonarkongens åk og tener han, det lèt eg vera i fred på si jord, så dei kan dyrka henne og bu der, lyder ordet frå Herren.
12. Til Sidkia, Juda-kongen, sa eg det same: Bøy nakken under babylonarkongens åk og ten han og folket hans, så skal de få leva.
13. Kvifor vil de døy, du og folket ditt, for sverd og svolt og pest? Såleis har då Herren truga med å straffa kvart folk som ikkje vil tena kongen i Babylonia.