12. Men når sytti år er lidne, vil eg krevja kongen i Babylonia og heile folket der til rekneskap for deira misgjerning, lyder ordet frå Herren. Og eg vil straffa Kaldearlandet og gjera det til ei audn for alltid.
13. Alt eg har sagt om dette landet, lèt eg koma over det – alt som er skrive i denne boka, det som Jeremia har forkynt mot alle folkeslaga.
14. For dei òg må træla under mektige folk og store kongar. Såleis løner eg dei for deira ferd og deira gjerningar.
15. Såleis tala Herren, Israels Gud, til meg: Ta dette staupet med vreidevin or mi hand og lat alle dei folk eg sender deg til, drikka av det!
16. Dei skal drikka og raga og rasa fordi eg sender sverd mellom dei.
17. Då tok eg staupet or Herrens hand og lét alle folka han sende meg til, drikka av det:
18. Jerusalem og byane i Juda, kongane og hovdingane der – dei skulle verta til audn og øydemark, til spott og forbanning, så som det er i dag;
19. farao, kongen i Egypt, tenarane og hovdingane hans og heile folket hans,
20. alle andre folk som hadde blanda seg med dei, alle kongane i Us, alle kongane i Filistarlandet og folket i Asjkalon, Gasa, Ekron og dei som er att i Asjdod;
21. folket i Edom, Moab og Ammon,
22. alle kongane i Tyrus og Sidon og kongane utmed strendene på hi sida av havet;
23. folket i Dedan, Tema og Bus og alle som har kortklypt hår ved tinningen;
24. alle arabarkongane og alle kongane over blandingsfolka som bur i øydemarka;
25. alle kongane i Simri, Elam og Media;
26. alle kongane i nord, både dei som er nær, og dei som er langt borte, den eine etter den andre, ja, alle kongerika som finst utover jorda. Sist skal kongen i Sjesjak drikka.
27. Du skal seia til dei: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Drikk, så de vert drukne og spyr! De skal falla for sverdet som eg sender imellom dykk, og ikkje reisa dykk meir.
28. Men vil dei ikkje ta staupet or di hand og drikka, skal du seia til dei: Så seier Herren, Allhærs Gud: Drikka skal de!
29. For fyrst lèt eg ulukka gå ut over den byen som namnet mitt er nemnt over. Og så skulle de sleppa straff! Nei, de skal ikkje sleppa. For eg kallar sverdet hit og sender det mot alle som bur på jorda, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.
30. Du skal tala alle desse profetorda til dei og seia: Herren skal torna frå det høge,la si røyst ljoma ¬frå sin heilage bustad.Han tornar over si beitemark,ropar lik folk ¬som trakkar druer,til alle som bur på jorda,
31. og lyden når heilt ¬til heimsens ende.For Herren har sak med folka,alle som lever, ¬stemner han for retten.Dei gudlause gjev han over ¬til sverdet,lyder ordet frå Herren.