Jeremia 24:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette synet lét Herren meg sjå: To korger med fiken var sette framfor Herrens tempel. Det var etter at Nebukadnesar, kongen i Babylonia, hadde teke Juda-kongen Jekonja, son til Jojakim, og hovdingane i Juda, handverkarane og smedane, og ført dei bort frå Jerusalem til Babylon.

2. I den eine korga var det fikenar av beste slag, like gode som tidlegfikenar. I den andre korga var det fikenar av ringaste slag, så ringe at dei ikkje kunne etast.

3. Herren sa til meg: «Kva ser du, Jeremia?» Eg svara: «Fikenar. Dei gode fikenane er av beste slag, og dei ringe er av ringaste slag og kan ikkje etast.»

4. Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så:

5. Så seier Herren, Israels Gud: Som ein ser på desse gode fikenane, såleis ser eg med velvilje på dei bortførte frå Juda, dei som eg sende frå denne staden til Kaldearlandet.

6. Eg vender augo venleg mot dei og fører dei attende til dette landet. Eg vil byggja dei opp og ikkje riva ned, planta dei og ikkje rykkja opp.

7. Eg vil gje dei eit hjarta så dei kan kjenna meg, og skjøna at eg er Herren. Dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud, når dei vender om til meg av heile sitt hjarta.

Jeremia 24