30. Difor vender eg meg mot profetane, seier Herren, dei som stel orda mine frå kvarandre.
31. Sjå, eg vender meg mot profetane, seier Herren, dei som ber fram profetord berre dei får tunga på glid.
32. Eg vender meg mot profetane som har lygndraumar og fortel dei, seier Herren. Dei fører folket mitt vilt med lygnene sine og skrytet sitt. Eg har ikkje sendt dei eller gjeve dei noko påbod, og dei er ikkje til minste gagn for dette folket, lyder ordet frå Herren.
33. Når dette folket eller ein profet eller prest spør deg kva for tunge domsord du ber fram frå Herren, skal du svara dei: «Det er de som er ei bør for meg, men eg vil kasta dykk av,» lyder ordet frå Herren.
34. Om presten, profeten eller nokon av folket seier «Herrens domsord», då krev eg mannen og ætta hans til rekneskap.
35. Nei, så skal de seia til kvarandre når de talar saman om dette: «Kva svarar Herren?» eller «Kva seier Herren?»
36. Men «Herrens domsord» skal de aldri nemna meir. Når nokon seier det, vert ordet ei bør for han sjølv. For då rengjer de ordet frå den levande Gud, Herren, Allhærs Gud, som er vår Gud.
37. Så skal du seia til profeten: «Kva svarar Herren deg?» eller «Kva seier Herren?»
38. Men brukar de ordlaget «Herrens domsord», då seier Herren: Fordi de brukar ordlaget «Herrens domsord», endå eg har sendt bod og sagt at de ikkje må tala såleis,
39. sjå, difor lyfter eg dykk opp og kastar dykk frå meg, både dykk og den byen eg gav dykk og fedrane dykkar.