19. Han skal få gravferd ¬som eit esel;dei skal slepa han bortog slengja han frå seglangt utanfor Jerusalems portar.
20. Stig opp på Libanon og rop,lat røysta di ljoma i Basan,skrik ut frå Abarim-fjella,for alle dine elskarar er knuste.
21. Eg tala til deg då du var trygg,men du sa: ¬«Eg vil ikkje høyra.»Det var di vis frå din ungdomat du ikkje ville lyda meg.
22. Stormen skal gjæta ¬alle dine hyrdingar,dine elskarar skal førast bort ¬som fangar.Då vert du til spott og skamfor alt det vonde du har gjort.
23. Du som held til på Libanonog har ditt reir i sedertrea,kor du skal stynja ¬når riene kjem over deg,når du vert gripen av angst ¬som ei fødande kvinne.
24. Så sant eg lever, lyder ordet frå Herren: Om Juda-kongen Konja, son til Jojakim, var ein seglring på mi høgre hand, ville eg riva han av.
25. Eg gjev deg over til dei som står deg etter livet, og som du gruar for, til babylonarkongen Nebukadnesar og kaldearane.
26. Både deg og mor di som fødde deg, kastar eg bort til eit anna land, der de ikkje er fødde, og der skal de døy.