17. Men du har ikkje syn og sansfor anna enn eiga vinning.Du renner ut blodet ¬åt skuldlause,du fer med vald og ¬mishandling.
18. Difor seier Herren om Juda-kongen Jojakim, son til Josjia:Ingen skal syrgja over han ¬og seia:«Å ve, bror min! ¬Å ve, syster mi!»Dei skal ikkje klaga over han ¬og seia:«Å ve, herre! Å ve, majestet!»
19. Han skal få gravferd ¬som eit esel;dei skal slepa han bortog slengja han frå seglangt utanfor Jerusalems portar.
20. Stig opp på Libanon og rop,lat røysta di ljoma i Basan,skrik ut frå Abarim-fjella,for alle dine elskarar er knuste.
21. Eg tala til deg då du var trygg,men du sa: ¬«Eg vil ikkje høyra.»Det var di vis frå din ungdomat du ikkje ville lyda meg.
22. Stormen skal gjæta ¬alle dine hyrdingar,dine elskarar skal førast bort ¬som fangar.Då vert du til spott og skamfor alt det vonde du har gjort.
23. Du som held til på Libanonog har ditt reir i sedertrea,kor du skal stynja ¬når riene kjem over deg,når du vert gripen av angst ¬som ei fødande kvinne.
24. Så sant eg lever, lyder ordet frå Herren: Om Juda-kongen Konja, son til Jojakim, var ein seglring på mi høgre hand, ville eg riva han av.
25. Eg gjev deg over til dei som står deg etter livet, og som du gruar for, til babylonarkongen Nebukadnesar og kaldearane.
26. Både deg og mor di som fødde deg, kastar eg bort til eit anna land, der de ikkje er fødde, og der skal de døy.
27. Men det landet som dei lengtar etter, skal dei aldri meir koma attende til.
28. Er då denne mannen Konjaeit vanvørdt kjerald ¬som skal knusast,ein reiskap ¬som ingen bryr seg om?Kvifor er han og hans ætt ¬kasta langt av stad,slengde bort til eit land ¬dei ikkje kjenner?
29. Land, land, land, ¬høyr Herrens ord!
30. Så seier Herren:Skriv denne mannen opp ¬som barnlaus,ein mann som ikkje har hatt ¬hell i livet.Ingen av hans ætt ¬skal få den lukkaå sitja på Davids kongsstolog atter råda over Juda.