Jeremia 22:16-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Han hjelpte armingarog fattigfolktil deira rett ¬– og det gjekk han vel.Er ikkje det å kjenna meg?lyder ordet frå Herren.

17. Men du har ikkje syn og sansfor anna enn eiga vinning.Du renner ut blodet ¬åt skuldlause,du fer med vald og ¬mishandling.

18. Difor seier Herren om Juda-kongen Jojakim, son til Josjia:Ingen skal syrgja over han ¬og seia:«Å ve, bror min! ¬Å ve, syster mi!»Dei skal ikkje klaga over han ¬og seia:«Å ve, herre! Å ve, majestet!»

19. Han skal få gravferd ¬som eit esel;dei skal slepa han bortog slengja han frå seglangt utanfor Jerusalems portar.

20. Stig opp på Libanon og rop,lat røysta di ljoma i Basan,skrik ut frå Abarim-fjella,for alle dine elskarar er knuste.

21. Eg tala til deg då du var trygg,men du sa: ¬«Eg vil ikkje høyra.»Det var di vis frå din ungdomat du ikkje ville lyda meg.

22. Stormen skal gjæta ¬alle dine hyrdingar,dine elskarar skal førast bort ¬som fangar.Då vert du til spott og skamfor alt det vonde du har gjort.

23. Du som held til på Libanonog har ditt reir i sedertrea,kor du skal stynja ¬når riene kjem over deg,når du vert gripen av angst ¬som ei fødande kvinne.

Jeremia 22