Jeremia 22:1-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så sa Herren: Gå ned til Juda-kongens hus! Der skal du tala dette ordet:

2. Høyr Herrens ord, du Juda-konge, som sit på Davids kongsstol, både du og mennene dine og folket ditt, alle de som går inn gjennom desse portane.

3. Så seier Herren: Gjer rett og rettferd! Fri den som er rana, or valdsmannens hand; ver ikkje harde med innflyttarar, farlause og enkjer, og bruk ikkje vald mot dei; renn ikkje ut skuldlaust blod på denne staden!

4. Så sant de lever etter dette ordet, skal kongar som sit på Davids kongsstol og køyrer med vogner og hestar, koma inn gjennom portane til dette huset, både dei og mennene deira og folket deira.

5. Men vil de ikkje lyda desse orda, skal huset leggjast i røys; det sver eg ved meg sjølv, lyder ordet frå Herren.

Jeremia 22