1. Så sa Herren: Gå ned til Juda-kongens hus! Der skal du tala dette ordet:
2. Høyr Herrens ord, du Juda-konge, som sit på Davids kongsstol, både du og mennene dine og folket ditt, alle de som går inn gjennom desse portane.
3. Så seier Herren: Gjer rett og rettferd! Fri den som er rana, or valdsmannens hand; ver ikkje harde med innflyttarar, farlause og enkjer, og bruk ikkje vald mot dei; renn ikkje ut skuldlaust blod på denne staden!
4. Så sant de lever etter dette ordet, skal kongar som sit på Davids kongsstol og køyrer med vogner og hestar, koma inn gjennom portane til dette huset, både dei og mennene deira og folket deira.
5. Men vil de ikkje lyda desse orda, skal huset leggjast i røys; det sver eg ved meg sjølv, lyder ordet frå Herren.
6. For så seier Herren om kongehuset i Juda: Du var for meg som Gilead,som toppen av Libanon.Men eg gjer deg sanneleg ¬til ei øydemark,lik byar der ingen bur.
7. Til krig imot deg ¬vigslar eg mennsom herjar, ¬kvar med sitt våpen.Dei skal fella ¬dine gjævaste sedrarog kasta dei på elden.
8. Når folk frå mange land fer framom byen, skal dei spørja kvarandre: «Kvifor har Herren fare såleis åt med denne store byen?»
9. Og dei skal få til svar: «Fordi dei vende seg frå pakta med Herren sin Gud og tilbad og dyrka andre gudar.»
10. Gråt ikkje over den døde,ver ikkje med og syrg ¬over han!Gråt heller over han ¬som fór bort,for han skal ikkje koma att,han får aldri meir ¬sjå sitt fødeland.
11. For så seier Herren om Juda-kongen Sjallum, son til Josjia, han som vart konge etter Josjia, far sin:Han som fór bort ¬frå denne staden,skal aldri koma att.
12. For han skal døy på den stadendei førte han bort til ¬som fange;og dette landet ¬skal han aldri meir få sjå.