Jeremia 21:7-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Og sidan, lyder ordet frå Herren, gjev eg Juda-kongen Sidkia og mennene hans og folket – dei som er att her i byen etter pesten, sverdet og svolten – i hendene på babylonarkongen Nebukadnesar, på fiendane deira og på folk som står dei etter livet. Med kvasse sverd skal dei hogga dei ned utan medkjensle, medynk eller miskunn.

8. Og til dette folket skal du seia: Så seier Herren: Sjå, eg legg fram for dykk vegen til livet og vegen til døden.

9. Den som vert verande her i byen, skal døy for sverd, av svolt og i pest. Men den som går ut og gjev seg over til kaldearane, som kringset dykk, skal koma frå det og berga livet.

10. For eg vender augo mot denne byen og vil senda ulukke og ikkje lukke, lyder ordet frå Herren. Byen skal gjevast i hendene på babylonarkongen, og han skal setja eld på han.

11. Om kongehuset i Juda.

12. Høyr Herrens ord, ¬du Davids ætt!Så seier Herren:Døm rettferdig kvar morgon,fri den som er rana, ¬or valdsmannens hand.Elles skal harmen min ¬loga som eldog brenna ¬utan at nokon sløkkjerfor alt det vonde de har gjort.

Jeremia 21