1. Då Pasjkur Immersson, presten, som var øvste tilsynsmannen i Herrens hus, høyrde Jeremia bera fram denne spådomen,
2. lét han profeten Jeremia piska og sette han i blokka ved den øvre Benjamins-porten, som fører inn til Herrens hus.
3. Dagen etter sleppte Pasjkur Jeremia laus frå blokka. Då sa Jeremia til han: Herren kallar deg ikkje lenger Pasjkur, men «Redsle rundt ikring».
4. For så seier Herren: Eg gjer deg til ei redsle for deg sjølv og for alle venene dine. Dei skal falla for fiendesverd, medan du ser på. Og heile Juda vil eg gje i hendene på babylonarkongen. Han skal føra dei bort til Babylonia og hogga dei ned med sverd.
5. Og eg vil gje alt det dei eig i denne byen, all frukta av deira strev, alle deira dyre eigneluter og alle skattane åt Juda-kongane i hendene på fiendane deira. Dei skal røva dei, ta dei med seg og føra dei til Babylonia.
6. Og du, Pasjkur, og alle som bur i ditt hus, skal fara i fangenskap og koma til Babylonia. Der skal du døy, og der skal du finna di grav, både du og alle venene dine, som du har spått lygn for.
7. Du lokka meg, Herre, ¬og eg lét meg lokka;du vart for sterk for meg ¬og vann.Eg er til låtteløye heile dagen,alle spottar meg.