4. Høyr Herrens ord, ¬du Jakobs ætt,alle ætter i Israels hus.
5. Så seier Herren:Kva gale fann fedrane dykkar ¬hjå meg,sidan dei gjekk bort frå megog heldt seg til gudar ¬som ikkje duger,så dei vart duglause sjølve?
6. Dei spurde ikkje:«Kvar er Herrensom førte oss opp frå Egyptog leidde oss ¬gjennom øydemarka,eit land med moar og kløfter,eit land med turk og mørker,eit land der folk ikkje ferdastog menneske ikkje bur?»
7. Eg førte dykk ¬til eit veldyrka land,der de fekk nyta frukta ¬og grøda.Men då de kom dit inn,gjorde de landet mitt ureintog odelen min ¬til ein styggedom.
8. Prestane spurde ikkje: ¬«Kvar er Herren?»Og dei som syslar med lova, ¬kjende meg ikkje.Hyrdingane fall frå meg,profetane spådde ved Ba’alog heldt seg ¬til gagnlause gudar.
9. Difor vil eg framleisføra klagemål mot dykk,lyder ordet frå Herren,ja, føra klagemål ¬mot barneborna dykkar.
10. Far over til kittearøyane ¬og sjå,send bod til Kedar ¬og røk vel etter,ja, sjå om noko slikt har hendt!
11. Har noko folk bytt bort ¬sine gudar– endå dei ikkje er gudar?Men mitt folk har bytt bort ¬si æremot det som ikkje gagnar.
12. Reddast, du himmel,ja, skjelv av redsle over dette!lyder ordet frå Herren.