Jeremia 2:21-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Eg planta deg ¬som eit edelt vintre,ei heilt igjennom ekte plante.Korleis har du då vorte omskapttil villskot, eit uekte vintre?

22. Om du vaskar deg i lutog øydslar med såpe,ser eg likevel di skitne skuld,lyder ordet frå Herren Gud.

23. Korleis kan du seia:«Eg er ikkje urein,eg har ikkje sprunge ¬etter Ba’al-gudane»?Sjå kva du dreiv med ¬nede i dalen,og skjøn kva du har gjort!Du liknar ei lettføtt ¬kamelhoppesom renner hit og dit,

24. eit villesel, kjent på steppa.Ho syp etter anden ¬i sin brunst;kven kan døyva hennar trå?Dei som leitar etter henne,treng aldri springa seg trøytte;i paringstida ¬finn dei henne lett.

25. Lat ikkje foten din verta berr,og spar strupen din for torste!Men du svarar:«Nei, det er nyttelaust,for eg elskar dei framande, ¬dei vil eg fylgja.»

Jeremia 2