15. Unge løver brølte mot han,høgt lét dei røysta si ljoma.Landet hans vart gjort ¬til ei audn,byane vart brende, ¬så ingen kan bu der.
16. Jamvel menn ¬frå Nof og Takpanheshar gjort deg skallet.
17. Er du ikkje sjølv skuld i dettefordi du gjekk bort ¬frå Herren din Gudden tid han førte deg på vegen?
18. Kva hjelper det vel ¬at du fer til Egyptog vil drikka vatn or Nilen?Kva hjelper det ¬at du fer til Assurog vil drikka vatn or Eufrat?
19. Det er din eigen vondskap ¬som tuktar deg,ditt fråfall som fører til straff.Så må du då skjøna og sjåkor vondt og beiskt det erat du har gått bort ¬frå Herren din Gudog ikkje lenger har age for meg,lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.
20. Frå fyrste stund ¬har du brote åketog slite sund lekkjene dine.Du sa: «Eg vil ikkje ¬tena deg lenger.»På alle høge haugarog under kvart grønt trela du deg ned og dreiv utukt.