1. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
2. Gå og rop ut så det høyrest i Jerusalem: Så seier Herren: ¬Eg kjem i hug ¬din ungdoms truskap,din kjærleik i trulovingstida,då du fylgde meg i øydemarka,i eit land der ingen sår.
3. Heilagt var Israel for Herren,fyrstegrøda av hans avling.Alle som ville gløypa folket, ¬laut bøta,ulukke kom over dei,lyder ordet frå Herren.
4. Høyr Herrens ord, ¬du Jakobs ætt,alle ætter i Israels hus.
5. Så seier Herren:Kva gale fann fedrane dykkar ¬hjå meg,sidan dei gjekk bort frå megog heldt seg til gudar ¬som ikkje duger,så dei vart duglause sjølve?
6. Dei spurde ikkje:«Kvar er Herrensom førte oss opp frå Egyptog leidde oss ¬gjennom øydemarka,eit land med moar og kløfter,eit land med turk og mørker,eit land der folk ikkje ferdastog menneske ikkje bur?»
7. Eg førte dykk ¬til eit veldyrka land,der de fekk nyta frukta ¬og grøda.Men då de kom dit inn,gjorde de landet mitt ureintog odelen min ¬til ein styggedom.
8. Prestane spurde ikkje: ¬«Kvar er Herren?»Og dei som syslar med lova, ¬kjende meg ikkje.Hyrdingane fall frå meg,profetane spådde ved Ba’alog heldt seg ¬til gagnlause gudar.
9. Difor vil eg framleisføra klagemål mot dykk,lyder ordet frå Herren,ja, føra klagemål ¬mot barneborna dykkar.