Jeremia 19:5-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Dei bygde offerhaugar for Ba’al og brende sønene sine i elden som brennoffer for Ba’al. Det har eg ikkje bode eller sagt dei; det har aldri vore i mine tankar.

6. Difor skal dagar koma, lyder ordet frå Herren, då dei ikkje lenger skal kalla denne staden Tofet og Hinnom-dalen, men Drapsdalen.

7. På denne staden gjer eg Judas og Jerusalems planar til inkjes. Eg lèt dei falla for sverd beint framfor augo på fiendane deira, ved dei som står dei etter livet. Og eg gjev lika deira til føde for fuglane under himmelen og dyra på marka.

8. Eg gjer denne byen til skræmsle og spott. Alle som fer framom, kjem til å fæla og spotta når dei ser alle dei sår han har fått.

9. Eg lèt dei eta kjøtet av sine eigne søner og døtrer, og den eine skal eta kjøtet av den andre i den trengsle og naud som fiendane deira og dei som står dei etter livet, fører over dei.

10. Sidan skal du knusa krukka framfor augo på dei menn som går med deg,

11. og seia til dei: Så seier Herren, Allhærs Gud: Eg vil knusa dette folket og denne byen liksom ein knuser eit leirkar, så det ikkje lèt seg bøta. Og i Tofet skal dei gravleggja folk, fordi det ikkje finst gravplass andre stader.

12. Såleis vil eg fara åt med denne staden og med dei som bur der, lyder ordet frå Herren; eg vil gjera denne byen lik Tofet.

Jeremia 19