4. Når det kjeraldet han heldt på med, vart mislukka – slikt hender med leira i ein krusmakars hand – så gjorde han det om att og laga eit anna kjerald, som han ville ha det.
5. Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så:
6. Skulle ikkje eg kunna gjera med dykk, Israels ætt, like eins som denne krusmakaren gjer med leira? lyder ordet frå Herren. Som leira i krusmakarens hand, så er de i mi hand, Israels ætt.
7. Stundom trugar eg eit folk og rike med å rykkja opp og riva ned og leggja i øyde.
8. Men dersom det folket eg har truga, vender om frå sin vondskap, då gjev eg opp det vonde som eg hadde tenkt å gjera mot det.
9. Stundom lovar eg eit folk og rike at eg vil byggja og planta.
10. Men gjer dei då det som vondt er i mine augo og ikkje høyrer på mi røyst, då gjev eg opp det gode eg hadde tenkt å gjera mot dei.
11. Sei no til Juda-mennene og Jerusalems-buane:Så seier Herren: Eg førebur ei ulukke og tenkjer ut ein plan mot dykk. Vend då alle om frå dykkar vonde ferd, og lat dykkar åtferd og gjerningar betrast!
12. Men dei svarar: «Det er nyttelaust. Vi vil fylgja våre eigne tankar, kvar og ein av oss vil gjera etter sitt vonde, harde hjarta.»
13. Difor seier Herren:Spør mellom folkeslaga:Kven har høyrt noko slikt?Det er fæle tingmøya Israel har gjort.
14. Kan snøen på Libanonbråna bort på det høge fjellet?Eller kan det kalde vatnetfrå framandt land turka ut?
15. Men mitt folk har gløymt meg,dei brenner offer ¬for falske gudar.Dei snåvar på vegane sine,på dei eldgamle stigane,og slår inn på andre spor,der ingen veg er bygd.