Jeremia 18:3-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Så gjekk eg ned til krusmakaren, som stod og arbeidde ved dreieskiva.

4. Når det kjeraldet han heldt på med, vart mislukka – slikt hender med leira i ein krusmakars hand – så gjorde han det om att og laga eit anna kjerald, som han ville ha det.

5. Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så:

6. Skulle ikkje eg kunna gjera med dykk, Israels ætt, like eins som denne krusmakaren gjer med leira? lyder ordet frå Herren. Som leira i krusmakarens hand, så er de i mi hand, Israels ætt.

7. Stundom trugar eg eit folk og rike med å rykkja opp og riva ned og leggja i øyde.

8. Men dersom det folket eg har truga, vender om frå sin vondskap, då gjev eg opp det vonde som eg hadde tenkt å gjera mot det.

9. Stundom lovar eg eit folk og rike at eg vil byggja og planta.

Jeremia 18