Jeremia 17:16-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Eg har ikkje nekta ¬å vera hyrdingog fylgja etter deg,eg har ikkje ynskt ¬ulukkedagen hit.Du veit kva eg har forkynt,det ligg ope for deg.

17. Ver ikkje til redsle for meg!Du er mi livd på ulukkedagen.

18. Lat ikkje meg ¬verta til skammar,men dei som forfylgjer meg.Lat ikkje meg, men deiverta gripne av redsle!Lat ein ulukkedag ¬koma over dei,knus dei med eit dobbelt slag!

19. Så sa Herren til meg: Gå og stå i Folkeporten, der Juda-kongane går inn og ut, og i alle dei andre portane i Jerusalem,

20. og sei til dei: Høyr Herrens ord, de Juda-kongar, du Juda-folk og alle Jerusalems-buar, de som går inn gjennom desse portane.

21. Så seier Herren: Akta dykk, så sant de har livet kjært, så de ikkje ber bører på sabbatsdagen og kjem inn gjennom Jerusalems portar med dei.

22. Heller ikkje må de bera noko ut or husa dykkar på sabbatsdagen eller gjera noko arbeid. De skal halda kviledagen heilag, så som eg baud fedrane dykkar.

Jeremia 17