3. Stormennene i byensender sine tenarar etter vatn.Men når dei kjem til brunnane,finn dei ikkje vatn.Dei kjem att med tome spann,skjemde og vonbrotne ¬dekkjer dei hovudet.
4. Jorda rivnarfordi det ikkje kjem regn ¬i landet,difor dekkjer bøndene ¬hovudet i skam.
5. Jamvel hinda utpå markagår ifrå sin nyfødde kalvfordi det ikkje finst ¬eit grønt strå.
6. På snaue høgder står villeselog syp etter anden ¬som sjakalar;augo deira er sløve og mattefordi det ikkje finst gras.
7. Om våre misgjerningar ¬vitnar mot oss,så grip likevel inn ¬for ditt namn skuld, Herre!Gong på gong har vi falle fråog synda mot deg.
8. Herre, du som er Israels vonog frelsar i trengselstid,kvifor er du ¬som ein gjest i landet,lik ein ferdamann ¬som berre stoggar for ei natt?
9. Kvifor er du ¬som ein rådvill mann,lik ein krigar ¬som ikkje kan hjelpa?Du er då midt imellom oss, ¬Herre,ditt namn er nemnt over oss.Så gå ikkje frå oss!
10. Så seier Herren ¬om dette folket:Dei likar å flakka ikringog sparer ikkje føtene sine.Men Herren har ikkje ¬hugnad i dei.No vil han koma ¬deira misgjerning i hugog straffa dei for deira synder.
11. Herren sa til meg: Bed ikkje om at det skal gå dette folket vel!