Jeremia 14:12-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Når dei fastar, høyrer eg ikkje på klageropa deira, og når dei ber fram brennoffer og grødeoffer, bryr eg meg ikkje om dei. Nei, med sverd og svolt og pest vil eg gjera ende på dei.

13. Då svara eg: Men, Herre Gud, profetane seier då til dei: «De skal ikkje få kjenna sverd og ikkje koma ut for svolt, for eg vil gje dykk sann fred og tryggleik på denne staden.»

14. Men Herren sa til meg: Lygn spår desse profetane i mitt namn. Ikkje har eg sendt dei og ikkje gjeve dei noko påbod og ikkje tala til dei. Falske syner, gagnlause spådomar og svikefulle påfunn er det dei ber fram for dykk.

15. Difor seier eg, Herren, om dei profetane som spår i mitt namn endå eg ikkje har sendt dei, og som seier at det ikkje skal koma sverd og svolt her i landet: For sverd og svolt skal dei enda sine dagar, desse profetane.

16. Og folket som dei spår for, skal liggja slengt ikring på gatene i Jerusalem, tynt av svolt og sverd. Dei skal ikkje koma i grav, korkje dei sjølve eller konene, sønene og døtrene deira. Såleis renner eg deira eigen vondskap ut over dei.

Jeremia 14