Jeremia 12:5-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Når du vert trøytt av å springasaman med folk til fots,korleis kan du då kappspringa ¬med hestar?Og er du trygg ¬berre i fredeleg land,kva har du då å gjerai den fine Jordan-skogen?

6. Brørne dine og farsætta di,jamvel dei er trulause mot deg;dei ropar etter deg av full hals.Du må ikkje eingong lita på deinår dei talar venleg til deg.

7. Eg har gått frå huset mittog gjeve opp arven min.Henne som eg elska,har eg gjeve i fiendevald.

8. Mitt eige folk har vorte for megsom ei løve i tette skogen.Dei brøler mot meg;difor har eg uvilje mot dei.

9. Er folket mitt ein spreklet fuglsom rovfuglar ¬samlar seg ikring?Lat alle villdyr i marka samlast,før dei hit, så dei kan eta!

Jeremia 12