Jeremia 10:21-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. For gjætarane er dumme ¬som fe,dei søkjer ikkje Herren.Difor har dei ikkje lukka ¬med seg,og heile flokken deira ¬er spreidd.

22. Høyr, det kjem ei meldingog eit kraftig drøn ¬frå landet i nord.Byane i Juda ¬skal gjerast til ei audn,ein tilhaldsstad for sjakalar.

23. Herre, eg veit at mennesketikkje sjølv rår for sin veg,og at ferdamannen ikkje sjølvkan styra sine steg.

24. Tukta meg, Herre, ¬men med måte,ikkje i vreide, ¬så du gjer meg til inkjes.

25. Renn harmen din ut ¬over folkeslagsom ikkje kjenner deg,over ætter ¬som ikkje kallar på deg.For dei har ete opp Jakob,ete han opp ¬og gjort ende på hanog lagt hans bustad i øyde.

Jeremia 10