Hosea 9:7-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Komne er rekneskapsdagane,komen er attergjeldstida;det skal Israel få merka.«Profeten er ein dåre,vitlaus er åndsmannen!»Ja, fordi di misgjerning ¬er så storog din fiendskap så sterk!

8. Profeten er Efraims vaktar ¬for min Gud,men snarer er det ¬på alle hans vegar;det er fiendskap i huset ¬åt hans Gud.

9. Djupt har dei sokke ¬i vondskap,som i Gibeas dagar.Han skal koma ¬deira misgjerning i hugog krevja dei til rekneskap ¬for deira synder.

10. Som druer i øydemarkafann eg Israel;som tidlegfrukt ¬på det unge fikentreetvalde eg ut dykkar fedrar.Men då dei kom til Ba’al-Peor,vigde dei seg ¬til den avskyelege gudenog vart ufyselege ¬som han dei elska.

11. Efraims herlegdom kvervlik ein fugl som flyg bort.Ingen føder, ingen er svanger,og ingen vert med barn.

Hosea 9