Hosea 9:12-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Jamvel om dei fostrar born,skal eg gjera dei barnlause.Ja, ve dei, ¬når eg går frå dei!

13. Eg såg Efraim planta i ei eng,like trygg som Tyrus.Men no må dei føra ¬borna sine uttil han som skal drepa dei.

14. Gjev dei, Herre!Men kva skal du gje dei?Gjev dei morsliv ¬som føder for tidleg,og bryst som ikkje gjev mjølk.

15. All deira vondskap ¬er samla i Gilgal,der fekk eg uvilje mot dei.Fordi dei har gjort ¬så mykje vondt,vil eg driva dei ut or mitt hus.Eg kan ikkje elska dei lenger,alle deira førarar er opprørarar.

16. Efraim er slegen, ¬rota deira er turka,dei skal ikkje lenger bera frukt.Og jamvel om kvinnene føder,lèt eg deira kjære born døy.

17. Min Gud skal støyta dei bort,fordi dei ikkje har høyrt ¬på han.Dei skal flakka ikring ¬mellom folka.

Hosea 9