Hosea 8:5-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Kast frå deg kalven din, ¬Samaria!Vreiden min logar mot dei.Kor lenge skal det varafør dei kan verta reine i Israel?

6. Ein kunstnar har laga ¬Samaria-kalven,og han er ingen gud;han skal verta slegen i knas.

7. Vind sår dei, ¬og storm skal dei hausta.Kornet skyt ikkje aksog gjev ikkje mjøl;og gjev det mjøl, ¬et andre det opp.

8. No er Israel slukt.Mellom folka ¬er dei lik eit kjeraldsom ingen bryr seg om.

9. Dei fór bort til Assyrialik eit villesel ¬som flakkar ikring.Efraim kjøper seg kjærleik.

10. Endå dei kjøpslår med folka,vil eg no driva dei saman.Dei skal vri seg ei lita stundunder børa av skatt ¬til storkongen.

11. Efraim har laga seg mange altarsom har fått dei til å synda.

Hosea 8