1. Set hornet for munnen!Fienden kjemsom ei ørn over Herrens hus,for dei har brote mi paktog synda mot mi lov.
2. Dei ropar til meg: «Min Gud!Vi kjenner deg, vi israelittar.»
3. Men Israel har vraka ¬det som godt er,fienden skal forfylgja dei.
4. Dei tok seg kongar, ¬men spurde ikkje meg,valde seg hovdingar ¬utan at eg visste om det.Dei laga seg gudebilete ¬av sølvet og gullet sitt.Difor skal dei rydjast ut.
5. Kast frå deg kalven din, ¬Samaria!Vreiden min logar mot dei.Kor lenge skal det varafør dei kan verta reine i Israel?
6. Ein kunstnar har laga ¬Samaria-kalven,og han er ingen gud;han skal verta slegen i knas.
7. Vind sår dei, ¬og storm skal dei hausta.Kornet skyt ikkje aksog gjev ikkje mjøl;og gjev det mjøl, ¬et andre det opp.
8. No er Israel slukt.Mellom folka ¬er dei lik eit kjeraldsom ingen bryr seg om.