Hosea 7:2-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Dei tenkjer ikkje påat eg kjem ¬all deira vondskap i hug.Men no møter dei ¬sine gjerningar ¬på alle kantar,eg har dei for auga.

3. Dei gleder kongen ¬med sin vondskapog hovdingane ¬med sine lygner.

4. Alle er dei ¬ekteskapsbrytarar.Dei liknar ein omn ¬som er så heitat bakaren ikkje treng fyrafrå deigen er knadd ¬og til han er syrt.

5. På festdagen åt kongen vårdrikk hovdingane seg sjukeav den heite vinen;han retter handa til spottarar.

6. Hjarta deira brenn ¬som ein omnder dei ligg på lur.Heile natta kviler deira vreide,om morgonen brenn han ¬som logande eld.

7. Alle saman er heite ¬som ein omn,dei gjer ende på sine domarar.Alle kongane deira er falne,ingen av dei kallar på meg.

8. Efraim blandar seg med folka,han er lik ei kake ¬som ikkje er vend.

9. Framande har øydt hans kraft,men han veit det ikkje.Håret hans er gråsprengt,men han veit det ikkje.

Hosea 7