Hosea 2:10-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. No vil eg kle henne nakenbeint for augo ¬på hennar elskarar,og ingen skal fria henne ut ¬or mi hand.

11. Eg gjer ende ¬på all hennar glede,hennar festar, nymånedagar ¬og sabbatsdagar,alle hennar høgtider.

12. Eg øydelegg hennar vintre ¬og fikentre.Om dei har ho sagt: ¬«Dei er mi løn,som mine elskarar gav meg.»Eg gjer dei til villskog,og dyra på marka skal eta dei.

13. Eg krev henne til rekneskap ¬for dei dagardå ho brende offer ¬for Ba’al-gudane,pynta seg med ringar og kjederog gjekk etter sine elskarar,men gløymde meg,lyder ordet frå Herren.

14. Sjå, eg vil lokka henne, føra henne ut i øydemarka og tala venleg til henne.

15. Når ho kjem derifrå, vil eg gje henne att vinhagane hennar, og Akor-dalen skal verta ein port som gjev von. Der skal ho svara meg som i ungdomsdagane, som då ho fór opp frå Egypt.

16. Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba’al.

Hosea 2