Hosea 13:5-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Eg tok meg av deg ¬i øydemarka,i det heite og turre landet.

6. Beitet var godt, ¬og dei åt seg mette.Då dei var mette, ¬vart dei store og stolte,difor gløymde dei meg.

7. Eg vil vera mot dei som ei løve,lik leoparden ¬som lurer ved vegen.

8. Eg vil koma over dei ¬som ei binnesom dei har teke ungane frå,og riva sund deira bryst.Eg vil eta dei opp som ei løve,villdyra i marka ¬skal slita dei sund.

9. Når ulukka kjem, Israel,kven skal hjelpa deg då?

10. Kvar er då din kongesom kan berga deg ¬i alle dine byar,og kvar er dine styresmenn?Du har då sagt:«Gjev meg konge ¬og hovdingar!»

11. Eg gjev deg ein konge ¬i min vreide,og i min harme tek eg han bort.

Hosea 13