Hosea 12:4-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. I mors liv heldt han bror sin ¬i hælen,i sin manndom ¬stridde han med Gud,

5. han stridde med engelen ¬og vann.Han gret og bad om nåde.I Betel møtte han Gud– der talar han med oss.

6. Herren, Allhærs Gud,Herren er hans namn.

7. Men du skal venda om ¬til din Gud.Hald fast på truskap og rett,set alltid di von til din Gud!

8. Kræmarfolket har falske vekter ¬i handa,det likar å gjera urett.

9. Efraim seier:«Eg har då vorte rik,eg har fått meg eigedom!Med alt mitt strev ¬har eg ikkje vorte skuldigi noko som er synd.»

10. Eg er Herren din Gud,heilt frå du var i Egypt.Enno vil eg la deg bu i teltsom den gongen eg møtte deg.

11. Eg tala til profetane.Eg lét dei få syner i mengdog tala i likningar gjennom dei.

12. Er Gilead fullt av misgjerning,så skal dei verta til inkjes.Ofrar dei oksar i Gilgal,skal deira altar ¬verta som steinrøysarlangsmed åkerfòrene.

13. Jakob rømde til Aram-landet,Israel tente for ei kone,for å få seg ei kone gjætte han.

14. Ved ein profet førte HerrenIsrael opp frå Egypt,og ved ein profet vakta han dei.

Hosea 12