9. Du har synda, Israel, ¬frå Gibeas dagar.Den gongen gjorde dei opprør.Skal då ikkje krigen ¬nå dei i Gibea?Eg vil koma ¬over ugjerningsmennene,
10. etter min hug vil eg tukta dei.Folkeslag skal samla seg ¬mot deinår dei vert tukta ¬for si doble skuld.
11. Efraim var lik ei tamd kvigesom gjerne ville treskja.Men eg la åk ¬på hennar fagre hals.Eg spente Efraim føre,Juda pløgde, og Jakob horva.
12. Så rettferds sæde,og hausta truskaps frukt,bryt dykk nybrot!For no er det tid ¬til å søkja Herren,før han kjemog lèt rettferd regna over dykk.
13. De har pløgt ned vondskap ¬og hausta urett,og den frukta de et, er lygn.For du sette lit til di ferdog til alle dine krigarar.
14. Difor skal det reisa segstridsgny i ditt folk,og alle dine borger ¬skal øydeleggjast,liksom Sjalman ¬øydela Bet-Arbelpå stridens dag, ¬då mor og born vart knuste.
15. Såleis vil eg gjera med dykk ¬i Betelfordi dykkar vondskap er stor.Når det ljosnar av dag,er det ute, ja ute ¬med Israels konge.