2. Hjarta deira er falskt,no skal dei få bøta.Herren skal bryta ned ¬deira altarog øydeleggja ¬deira steinstøtter.
3. Ja, no må dei seia:«Vi har ingen konge,for vi har ikkje hatt age ¬for Herren.Og kongen, ¬kva kan han gjera for oss?»
4. Dei har tala tome ord,svore falskt og gjort pakt.Domen renn opp ¬som giftige planteri åkerfòrene.
5. Dei som bur i Samaria,er redde for kalven ¬i Bet-Aven.Folket syrgjer over han,og prestane hans klagar,for hans herlegdom ¬er ført bort frå dei.
6. Kalven òg skal førast til Assyriasom ei gåve til storkongen.Skam skal Efraim få,Israel skal verta til skammarpå grunn av sine planar.
7. Kongen i Samaria skal kvervasom ei treflis på vatnet.
8. Øydast skal Avens ¬offerhaugar,der israelittane synda.Torn og tistel skal veksaoppetter altara deira.Dei skal seia til fjella: ¬Gøym oss!og til haugane: Fall over oss!
9. Du har synda, Israel, ¬frå Gibeas dagar.Den gongen gjorde dei opprør.Skal då ikkje krigen ¬nå dei i Gibea?Eg vil koma ¬over ugjerningsmennene,
10. etter min hug vil eg tukta dei.Folkeslag skal samla seg ¬mot deinår dei vert tukta ¬for si doble skuld.